Tilkallingsvikar i Sirdalsskulen
Tilkallingsvikar i Sirdalsskulen
Er du ein omsorgsfull, fleksibel, humørfylt og ansvarleg person som har lyst til å arbeida med barn, ungdom og vaksne?
Då er kanskje dette noko for deg!
Sirdal kommune treng tilkallingsvikarar til:
- Tonstad skule og SFO
- Sinnes skule og SFO
- Sirdal vaksenopplæring
Som tilkallingsvikar i Sirdalsskulen vil du kunne ta del i alle sider ved det daglege arbeidet i skulen og skulefritidsordninga. Dei konkrete behova vil variera frå skule til skule, og det er den enkelte skulen som tar kontakt med deg ved behov.
Kvalifikasjonar
- gjerne høgskuleutdanning eller fagarbeidarutdanning
- erfaring frå skule eller skulefritidsordning
- anna relevant utdanning og erfaring
- personlege eigenskapar: Omsorgsfull, fleksibel, ansvarsmedviten, relasjonell og leiken
Vi tilbyr
- utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
- moglegheit til å bety noko for kvardagen til barna og dei vaksne
- engasjerte og trivelege kollegaer
- mange flotte barn og deltakarar
Det blir kravd at alle som skal arbeida i skulen, må levera politiattest.
For nærare opplysningar ta kontakt med:
Rektor ved Tonstad skule: Petter Røssland, tlf. 971 62 627
Rektor ved Sinnes skule: Åse-Berit Fidjeland, tlf. 945 21 258
Rektor ved vaksenopplæringa: Gry Iren Josdal, tlf. 992 62 263
Del på:
Fylke:
- Agder
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Kontaktpersonar:
Gry Iren Josdal
tlf: 99262263
Petter Røssland
mob: +47 97162627
Åse-Berit Fidjeland
mob: +47 94521258
Heimeside:
http://www.sirdal.kommune.noAdresse:
Tonstadveien 28 4440 TONSTAD