Sirdal kommune Sinnes skule

Lærar Sinnes skule, Øvre Sirdal

 

Tar du ei utfordring og flyttar til Øvre Sirdal? Du har kanskje hytte, og kan slå saman hygge og nytte? Eller har du lyst til å bli del av eit viktig lag?  Eit lag som arbeider med dei viktigaste personane i landet – nemleg barn og unge?  Grunnskulane i Sirdal arbeider målmedvite med å utvikla elevane, og skapa ein god skule som "opnar dører mot verda og framtida" og bidreg til at elevane skal "meistra liva sine". Kan og ønskjer du å bidra, så søk på denne jobben!

 

Frå 01.02.25 er det ledig fast undervisingsstilling på Sinnes skule

 

Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg i på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge skulane er kombinerte skular med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring og læringsmiljø. Arbeid med inkludering er ei satsing som er påbegynt og som vil utfordra både tilsette og elevar til vidare utvikling av skulane våre.

 

Sinnes skule treng ein lærar som er engasjert, fleksibel, positiv, lojal, relasjonell og samarbeidsvilleg. Me er ein fådelt skule med 50 elevar, og leiinga er open for idear og gjev handlingsrom til kvar enkelt. Dei siste åra har klassar på Sinnes skule m.a. vore juryklasse i Bokslukerprisen, anmeldarklasse i Uprisen, vunne Tyskforum sin brødrene Grimm-konkurranse og vore finalistar i Skoglekene 2023. Her kan du med andre ord utfalda deg kreativt i eit lite, men godt miljø med kjekke kollegaer og elevar.

 

Er du interessert i friluftsliv, ligg skulen midt i turområdet sommar som vinter, og me nyttar nærmiljøet aktivt i mange fag, t.d. uteskule og til korte og lengre turar med og utan overnatting. Det er òg symjehall og gymsal på skulen med hyppig bruk både i skuletida og på kveldstid.  Skulen satsar elles på internasjonalisert undervising gjennom ASP-net, UNESCO sitt skulenettverk, og LeseLOS i tillegg til vidare arbeid med fagfornyinga og inkluderande praksis.

 

Me trivst med kjekke elevar og kollegaer i relativt nytt bygg med kontor til kvart team, og vil gjerne ha deg med på laget! Her får du høve til å vera både kreativ og aktivt forma lærarkvardagen. Du er hjarteleg velkomen!

 

Kvalifikasjonar

Me søkjer lærar som oppfyller opplæringslova sine krav om tilsetting og undervisingskompetanse, som meistrar norsk, både skriftleg og munnleg. Opplæringsmålet er nynorsk.


Skulane ønskjer alle godkjente lærarar som søkjarar, og særleg om du har undervisingskompetanse, fortrinnsvis 5.-10. trinn. Det er ønskeleg med kompetanse i faga matematikk og naturfag på ungdomstrinnet, samt K&H (sløyd). Det er ei 100% stilling. Om det ikkje er kvalifiserte søkjarar, kan anna kompetanse bli vurdert.

 

For stillingane gjeld:

Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen.

 

Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette. Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.

 

Me ønskjer at du nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.

 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.

 

Spørsmål om utlysinga kan rettast til rektor ved Sinnes skule Åse-Berit Fidjeland, tlf. 945 21 258

 

Søknadsfrist:  08.12.2024

Del på:

Fylke:

  • Agder

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

08.12.2024

Tiltreding:

01.02.2025

Arbeidsstad:

Sirdal kommune

Kontaktpersonar:

Åse Berit Fidjeland

mob: +47 94521258

Adresse:

Sirdalsvegen 7352 4443 Tjørhom

Kart: