Ledige lærarstillingar, hovudutlysing
Ledige stillingar som lærar i Sirdal kommune
Er du ein lagspelar? Bli med på vårt lag som arbeider med å utvikla elevane, skapa ein god skule som opnar dører mot verda og framtida og bidreg til at elevane skal meistra liva sine.
Sirdal kommune gir rekrutteringstilskot på nye/faste lærarstillingar i grunnskulen på kr. 70.000,- mot to års bindingstid.
Sirdal kommune er ein av kommunane som er omfatta av den nye, statlege ordninga om sletting av gjeld, om vilkåra er oppfylte.
Frå 01.08.25 vil det bli ledig faste og/eller mellombels undervisingsstillingar i grunnskulen og/eller i vaksenopplæringa i Sirdal kommune.
Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule, og ei vaksenopplæring. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad, medan Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge grunnskulane er kombinerte skular med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring, inkludering og læringsmiljø. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulane har god vaksentettleik.
Skulane har flotte og moderne fasilitetar til undervising, både ute og inne, som du kan nytta for å gjera undervisinga di best mogleg. Lærarane har gode arbeidstilhøve, og du får mange gode og engasjerte arbeidskollegaer, og ikkje minst flotte elevar.
Sirdal vaksenopplæring arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap. Fokus for tida er læreplanarbeid, språknøklar og læringsmiljø. Hovudoppgåva i vaksenopplæringa er opplæring etter læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
Opplæringsmålet i grunnskulen er nynorsk, medan det er bokmål i vaksenopplæringa.
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.
Særlege kjenneteikn ved skulane:
Sinnes skule ligg midt i turområdet sommar som vinter, og vi nyttar nærmiljøet aktivt i mange fag, t.d. uteskule og til korte og lengre turar med og utan overnatting. Skulen satsar elles på LeseLOS og internasjonalisert undervising gjennom ASP-net, UNESCO sitt skulenettverk. Det er symjebasseng på skulen.
Tonstad skule og vaksenopplæringa ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira. Tonstad skule har eit stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitetar. Symjehallen ligg vegg i vegg med Tonstad skule, og Tonstad barnehage er næraste nabo. Det er korte avstandar til alt du treng.
Sirdal vaksenopplæring har undervisning på dagtid i lokale på Sirdal vidaregåande skule og Monan. Skulen har òg tilbod om digitalt kurs og kveldsundervisning, både på Sinnes og Tonstad.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer lærarar til grunnskulen som oppfyller krav om tilsetting og undervisingskompetanse i opplæringslov og forskrift. Skulane ønskjer alle godkjente lærarar som søkjarar, og dei som blir tilsett må til saman dekka fagbehovet som skulane har. Opplæringsmålet er nynorsk og søkjarane må meistra norsk, både skriftleg og munnleg.
Lærarar i vaksenopplæringa må oppfylla krava i integreringslova. Den som blir tilsett i vaksenopplæringa må ha minimum 30 studiepoeng i norsk som andrespråk. Opplæringsmålet er bokmål, og søkjarane må ha gode, dokumenterte norskkunnskapar. Det er ønskeleg med erfaring frå undervisning i vaksenopplæringa og kjennskap til gjeldande læreplanverk.
Vi søkjer etter deg som er oppteken av relasjonsbygging, både til elevar, deltakarar, føresette og kollegaer, og som vektlegg å vera ein trygg og tydeleg vaksenperson. Er du ein lærar som tek initiativ, er positiv og utviklingsorientert, er det alltid plass til deg.
For stillingane gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen. Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune.
Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.
Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til:
rektor ved Tonstad skule Petter M. Røssland, tlf. 971 62 627,
rektor ved Sinnes skule Åse-Berit Fidjeland, tlf. 945 21 258,
rektor ved Sirdal vaksenopplæring Gry Iren Josdal, tlf. 992 62 263 eller
kommunalsjef oppvekst Elisebeth Åvesland, tlf. 412 14 394
Søknadsfrist: 23. februar 2025
Del på:
Referansenummer:
25/31
Fylke:
- Agder
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
23.02.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Sirdal kommune
Kontaktpersonar:
Elisebeth Åvesland
mob: +47 41214394
Heimeside:
http://www.sirdal.kommune.noAdresse:
Tonstadveien 28 4440 TONSTAD