Sirdal kommune

Fagarbeidar/assistent Tonstad skule

Ledig stilling som fagarbeidar/assistent ved Tonstad skule

Er du den vi og elevane ønskjer oss på laget?  Er du ein som ønskjer å vera med på å skapa ein god skule og SFO for elevane, og bidra til eit trygt og godt skulemiljø? Her har du sjansen!

Det er ledig fast stilling i 100% som fagarbeidar/assistent ved Tonstad skule frå 01.08.2025

Det kan òg bli ledig eit vikariat i inntil 50% som fagarbeidar/assistent ved Tonstad skule i perioden 01.08.25 – 31.07.26

Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad.  Skulen er ein kombinert skule med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulen arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er oppteken av læring og læringsmiljø. Arbeid med inkludering er ei satsing som er påbegynt og som vil utfordra både tilsette og elevar til vidare utvikling.  Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulen har god vaksentettleik.

Tonstad skule ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira. Skulen har eit moderne bygg og stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitetar.  Symjehallen ligg vegg i vegg med skulen og Tonstad barnehage er næraste nabo.  Det er korte avstandar til alt du treng. Er dette noko for deg, så kom til oss!

Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen.  Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.

Arbeidsoppgåver:

Skulen treng ein tilsett som skal ha ansvar for å følgje opp elevar i SFO og skule.  Den som blir tilsett vil få medansvar for års- og månadsplanlegging i SFO, jamfør rammeplan.  Gjennomføring av aktivitetar i SFO vil ligga til stillinga, i samarbeid med SFO-tilsette.  Ulike elevretta oppgåver i skuletida vil òg inngå som del av arbeidet, og den tilsette vil samarbeida med skuleleiinga, SFO-leiar, lærarar og SFO-tilsette.  Arbeidsoppgåver i SFO må påreknast i heile SFO si åpningstid, òg i feriar der SFO har tilbod, etter avtale.  På skulen vil du få ansvar for å hjelpa enkeltelevar med varierande utfordringar, både når det gjeld fag, struktur og åtferd.

Ønska kvalifikasjonar:

Vi ønskjer søkjarar med utdanning innan barne- og ungdomsarbeidarfaget.  Anna relevant kompetanse, relevant praksis og personlege eigenskapar vil bli vurdert. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest og meistra både munnleg og skriftleg norsk tilsvarande B2-nivå.

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som:
* deltek i det pedagogiske arbeidet med barna/elevane

* er tydeleg, reflektert og ansvarleg, både overfor barn/elevar og vaksne

* er varm og grensesetjande, og møter barn/elevar på ein likeverdig, men ikkje likestilt måte

* har pågangsmot og evne til å handtera og stå i uforutsette og utfordrande situasjonar

* er serviceinnstilt, profesjonell og ansvarleg

* har evne til å vera i utvikling og reflektera over eigen praksis

* har evne til å jobba på lag i eit team, og å vera sjølvstendig

* er positiv til endringar og glad i barn og ungdom

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing. 

Anna:

Opningstidene i skulefritidsordninga er for tida 06.45-16.00, fordelt på morgonøkt 06.45-08.50 og ettermiddagsøkt 13.35-16.00 alle dagar utan onsdagar.  Onsdagar og heile dagar i ferietilbodet har same opningstid.

For stillinga gjeld:

Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. 
Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden.  Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette.

Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.

Søknad til stilling i Sirdal kommune, skjer ved å nytta elektronisk søknadsskjema.

Spørsmål om stillinga kan du retta til rektor Petter Røssland tlf 971 62 627.

Søknadsfrist:  18.05.2025

Del på:

Fylke:

  • Agder

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.05.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Tonstad skule

Kontaktpersonar:

Petter Røssland

mob: +47 97162627

Adresse:

Tonstadveien 28 4440 TONSTAD

Kart: