
SFO-leiar
Ledig vikariat som SFO-leiar ved Tonstad skule
Er du på jakt etter ein spanande jobb, der du får brukt leiareigenskapane dine og dine kreative evner? Er du den vi og elevane ønskjer oss på laget? Er du ein som ønskjer å vera med på å skapa ein god skule og SFO for elevane, og bidra til eit trygt og godt skulemiljø? Her har du sjansen!
Det er ledig 100% vikariat som SFO-leiar ved Tonstad skule frå 01.08.2025 til 31.07.26
- Stillinga er delt i 80% leiing/administrasjon og 20% elevretta arbeid.
Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad. Skulen er ein kombinert skule med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulen arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er oppteken av læring og læringsmiljø. Arbeid med inkludering er ei satsing som er påbegynt og som vil utfordra både tilsette og elevar til vidare utvikling. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulen har god vaksentettleik.
Tonstad skule ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira. Skulen har eit moderne bygg og stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitetar. Symjehallen ligg vegg i vegg med skulen og Tonstad barnehage er næraste nabo. Det er korte avstandar til alt du treng. Er dette noko for deg, så kom til oss!
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- SFO-leiar har ansvar for å planlegge og leie det daglege arbeidet i skulefritidsordninga
- SFO-leiar samarbeider med skulen si leiing om drift og utviklingsarbeid
- SFO-leiar deltek i skulen si plangruppe
- SFO-leiar samarbeider med lærarar på team 1-4
- m.m
Ønska kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter ein person med pedagogisk høgskuleutdanning, minimum bachelorgrad.
Erfaring med leiing og planlegging er ønskjeleg.
Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Personlege eigenskapar:
Vi ønskjer fleksible søkjarar med gode samarbeidsevne og kreativitet, som likar å arbeida med barn og er opptekne av å byggja gode relasjonar. Søkjarar må ha evne til sjølvstendig arbeid, og meistra både munnleg og skriftleg norsk. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
SFO-leiar må mellom anna:
- vera ein tydeleg leiar som kan motivera og følgje opp personalet
- vera løysings- og utviklingsorientert
- vera strukturert
- kunna legge planar, og ha ansvar for leksehjelp og den daglege drifta i SFO
- kunna administrera elev- og personalgrupper
- ha oversikt og rapportere på økonomi
- ha god IKT-kompetanse
- kunna gje god informasjon og service til dei føresette
Anna:
Opningstidene i skulefritidsordninga er for tida 06.45-16.00, fordelt på morgonøkt 06.45-08.50 og ettermiddagsøkt 14.20-16.00 alle dagar utan onsdagar. Onsdagar og heile dagar i ferietilbodet har same opningstid.
For stillinga gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette.
Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.
Me ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune
Spørsmål om stillinga kan du retta til rektor Petter Røssland tlf 971 62 627.
Søknadsfrist: 20.06.2025
Del på:
Fylke:
- Agder
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.06.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Tonstad skule
Kontaktpersonar:
Petter Røssland
mob: +47 97162627
Heimeside:
http://www.sirdal.kommune.noAdresse:
Tonstadveien 28 4440 TONSTAD