
Ledig stilling Tonstad skule
Språkassistent Tonstad skule
Har du lyst til å bli del av eit viktig lag? Eit lag som arbeider med dei viktigaste personane i landet – barn og unge? Grunnskulane i Sirdal arbeider målmedvite med å utvikla elevane, og skapa ein god skule som "opnar dører mot verda og framtida" og bidreg til at elevane skal "meistra liva sine". Kan og ønskjer du å bidra, så søk på denne jobben!
Det er ledig 50% fast stilling som språkassistent ved Tonstad skule frå 01.08.25
Skulen har elevar frå fleire ulike land, som treng språkleg støtte slik at dei så fort som mogleg kan inkluderast i ordinær opplæring.
Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad. Skulen er ein kombinert skule med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulen arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er oppteken av læring og læringsmiljø. Arbeid med inkludering er ei satsing som er påbegynt og som vil utfordra både tilsette og elevar til vidare utvikling. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulen har god vaksentettleik.
Tonstad skule ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira. Skulen har eit moderne bygg og stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitetar. Symjehallen ligg vegg i vegg med skulen og Tonstad barnehage er næraste nabo. Det er korte avstandar til alt du treng. Er dette noko for deg, så kom til oss!
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Gi språkleg støtte i til barn som er nye i Noreg i læringsaktivitetar, både fagleg og sosialt.
- Bidra til at barna får eit trygt, godt og inkluderande skolemiljø
- Støtte og vera saman med elevar i pausar og friminutt
- Gi språkleg og sosial støtte i SFO
- Bistå som oversettar i skolen sine møte med føresette
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, minimum B2-nivå.
- Erfaring i arbeid med barn i grunnskolealder med anna språk enn norsk blir vektlagd
- Meistre bruk av digitale verktøy
- Gode kommunikative ferdigheiter med barn som snakkar ulike språk (f.eks ukrainsk, thai, polsk m.m)
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, engasjert og samarbeidsvilleg
- Du er god til å bygga relasjonar og skapa tillit
- Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
- Du er sjølvstendig, trygg og forutsigbar
- Du trivs i ein hektisk kvardag og har stor arbeidskapasitet
- Du trivs med å jobba både ute og inne
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
For stillinga gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette.
Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.
Me ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune
Søknadsfrist: 24.juni 2025
Spørsmål om stillinga kan du retta til rektor Petter Røssland tlf 971 62 627.
Del på:
Fylke:
- Agder
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.06.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Tonstad skule
Kontaktpersonar:
Petter Røssland
mob: +47 97162627
Heimeside:
http://www.sirdal.kommune.noAdresse:
Tonstadveien 28 4440 TONSTAD