
Ledig stilling Tonstad skule
Ledig lærarstilling Tonstad skule
Er du ein lagspelar? Bli med på vårt lag som arbeider med å utvikla elevane, skapa ein god skule som opnar dører mot verda og framtida og bidreg til at elevane skal meistra liva sine.
Det vil bli ledig eit 100% vikariat som lærar på Tonstad skule i perioden 01.08.25 – 31.07.26.
Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad, medan Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge grunnskulane er kombinerte skular med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring, inkludering og læringsmiljø. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulane har god vaksentettleik.
Tonstad skule har flotte og moderne fasilitetar til undervising, både ute og inne, som du kan nytta for å gjera undervisinga di best mogleg. Lærarane har gode arbeidstilhøve, og du får mange gode og engasjerte arbeidskollegaer, og ikkje minst flotte elevar.
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer lærar til grunnskulen som oppfyller krav om tilsetting og undervisingskompetanse i opplæringslov og forskrift. Det er særleg behov for lærar med undervisingskompetanse på ungdomstrinnet. Fleire fag kan vera aktuelle som t.d. engelsk, norsk og naturfag.
Skulen ønskjer alle godkjente lærarar som søkjarar, og den som blir tilsett må dekka fagbehovet som skulen har. Opplæringsmålet er nynorsk og søkjarane må meistra norsk, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som er oppteken av relasjonsbygging, både til elevar, føresette og kollegaer, og som vektlegg å vera ein trygg og tydeleg vaksenperson. Vi treng ein lærar som er ein tydeleg klasseleiar som evner å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Vi søkjer deg som er engasjert, motivert og som viser evne til å tilpassa deg ulike elevar sine behov. Er du ein lærar som tek initiativ, er positiv og utviklingsorientert, er det alltid plass til deg.
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting.
For stillinga gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen. Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune.
Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.
Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til:
rektor ved Tonstad skule Petter M. Røssland, tlf. 971 62 627,
Søknadsfrist: 6. juli 2025
Del på:
Fylke:
- Agder
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
06.07.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Tonstad skule
Kontaktpersonar:
Petter Røssland
mob: +47 97162627
Heimeside:
http://www.sirdal.kommune.noAdresse:
Tonstadveien 28 4440 TONSTAD