Hovedutlysing lærarstillingar
Ledige stillingar som lærar i Sirdal kommune
Vil du bli med oss på laget som jobbar for at alle skal læra og utvikla seg i trygge og gode fellesskap?
Skulane i Sirdal treng dyktige lærarar for skuleåret 2026-2027. Vi oppmodar deg til å søke!
Sirdal kommune gir rekrutteringstilskot på nye faste lærarstillingar i grunnskulen på kr. 70.000,- mot to års bindingstid.
Sirdal kommune er ein av kommunane som er omfatta av den statlege ordninga om sletting av studielån, om vilkåra er oppfylte.
Frå 01.08.26 vil det bli ledig faste og/eller mellombelse undervisingsstillingar i grunnskulen og i vaksenopplæringa i Sirdal kommune.
Tilsetting vil bli gjort så snart talet på ledige stillingar er klart.
Sirdal kommune har to grunnskular og ei vaksenopplæring. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad, medan Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge grunnskulane er kombinerte skular med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod.
Grunnskulane har gode tilhøve for å gje variert undervising, både ute og inne. Lærarane har gode arbeidstilhøve, og du får mange gode og engasjerte arbeidskollegaer, og ikkje minst flotte elevar.
Sirdal vaksenopplæring har om lag 70 deltakarar, og har undervising på dagtid i lokale på Sirdal vidaregåande skule og Monan. Skulen har òg tilbod om digitalt kurs og kveldsundervisning, både på Sinnes og Tonstad.
Opplæringsmålet i grunnskulen er nynorsk, medan det er bokmål i vaksenopplæringa.
Særlege kjenneteikn ved skulane:
Sinnes skule ligg midt i turområdet sommar som vinter, og nyttar nærmiljøet aktivt i mange fag, t.d. uteskule og til korte og lengre turar med og utan overnatting. Skulen satsar elles på LeseLOS og internasjonalisert undervising gjennom ASP-net, UNESCO sitt skulenettverk.
Tonstad skule ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira. Skulen jobbar i profesjonsfellesskap med lesing og læringsmiljø. Tonstad skule har eit stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitetar. Det er korte avstandar til alt du treng.
Sirdal vaksenopplæring har for tida fokus på læreplanarbeid, språknøklar og læringsmiljø. Hovudoppgåva i vaksenopplæringa er opplæring etter læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
Kvalifikasjonar
- for grunnskulelærar
- godkjend pedagogisk utdanning
- god kompetanse innan lese- og skriveopplæring
- gode pedagogiske IKT-dugleikar
- fagkombinasjon/kompetanse som skulen treng
- evne til å bruka varierte arbeidsmåtar i undervisinga
- for lærar i vaksenopplæringa
- oppfylle krava i integreringslova
- minimum 30 studiepoeng i norsk som andrespråk
- gode pedagogiske IKT-dugleikar
- evne til å bruka varierte arbeidsmåtar i undervisinga
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- viser evne og vilje til å skapa og oppretthalda gode relasjonar
- jobbar for å vera ein autoritativ vaksen
- er klar, tydeleg, robust og trygg i vaksenrolla
- er fleksibel
- er sjølvstendig
- ønskjer å bidra til utvikling i profesjonsfellesskapet
- held deg fagleg oppdatert
- tek initiativ
- er strukturert
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Vi tilbyr
- skular som arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring, inkludering og læringsmiljø
- ein kommune som satsar på og prioriterer barn og unge
- god vaksentettleik
- gode velferdstilbod for tilsette, som mellom anna fritidsbustad midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen.
- gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen
For stillingane gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen. Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune.
Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.
Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest før tiltreding.
Attesterte kopiar av dokumentasjon på utdanning og praksis må leggast fram i samband med intervju. Det kan eventuelt lastast opp som vedlegg i søknadssystemet.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til:
rektor ved Tonstad skule Petter M. Røssland, tlf. 971 62 627,
rektor ved Sinnes skule Åse-Berit Fidjeland, tlf. 945 21 258,
rektor ved Sirdal vaksenopplæring Gry Iren Josdal, tlf. 992 62 263
Søknadsfrist: 22. februar 2026
Del på:
Referansenummer:
26/57
Fylke:
- Agder
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.02.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Sirdal kommune
Kontaktpersonar:
Gry Iren Josdal
tlf: 99262263
Petter Røssland
mob: +47 97162627
Åse-Berit Fidjeland
mob: +47 94521258
Heimeside:
http://www.sirdal.kommune.noAdresse:
Tonstadveien 28 4440 TONSTAD