Sirdal kommune

Ledig vikariat som assisterande rektor ved Tonstad skule

Assisterande rektor ved Tonstad skule

Synes du at skule og opplæring er ei av dei viktigaste oppgåvene i samfunnet?  Då har vi ei stilling for deg.

Sirdal kommune har ledig vikariat som assisterande rektor ved Tonstad skule frå 01.08.2026 til 31.07.2027.

Dette er ei 100% stilling, der 10% er undervising.

Sirdal kommune har to grunnskular, Sinnes skule og Tonstad skule.  Tonstad skule er ein fulldelt skule og har om lag 190 elevar fordelt på 1. til 10.trinn. Skulen ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira.   Skulen har gode fasilitetar for undervising og gode arbeidstilhøve for dei tilsette.  Skulen jobbar i profesjonsfellesskap med fokus på mellom anna lesing og læringsmiljø.  Opplæringsspråket er nynorsk.

Assisterande rektor er ein del av skulen sitt leiarteam, og saman med rektor vil du vera med å leia utvikling av profesjonsfellesskapet samt ha ansvar for administrative oppgåver.

Ansvarsområde for stillinga:

  • Dagleg leiing av skulen si verksemd i samarbeid med rektor
  • Rektor sin stadfortredar
  • Vikaradministrasjon
  • Oppfølging av elevsaker
  • Skule-/heimsamarbeid
  • Eksamensgjennomføring
  • Timeplanlegging
  • IKT-støtte internt i skulen
  • Rapportering, skuleadministrative system og andre administrative oppgåver etter avtale med rektor

Vi søkjer etter deg som:

  • har skulefagleg kompetanse
  • har erfaring med arbeid med administrasjon i Visma Flyt timeplan og Visma Flyt skule
  • er sjølvstendig og strukturert
  • kan leia og vera med å vidareutvikla eit dyktig personale i tråd med skulen sine mål og visjonar
  • har fokus på god ressursutnytting og evner å bruke handlingsrommet som eit verkemiddel for utvikling av læringsmiljø
  • har engasjement for elevane og deira læring
  • er tydeleg og har god kommunikasjonsevne
  • har gode samarbeidsevne
  • viser evne og vilje til å skapa og oppretthalda gode relasjonar
  • bidreg til å skapa psykologisk tryggleik
  • er målretta i ditt arbeid og ser etter moglegheiter
  • beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg

Det er ønskjeleg med leiarerfaring og skuleleiarutdanning.  Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Vi tilbyr:
Ei spanande leiarstilling.
Teamarbeid med ein rektor som har elevane sitt beste i fokus og verdset profesjonsfellesskapet.
Varierte arbeidsoppgåver, på ein flott skule i eit godt arbeidsmiljø.

For stillinga gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.  Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune.
Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.
Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.  Den som blir tilsett må levera godkjend politiattest før tiltreding jf. §17-11 i opplæringslova.
Attesterte kopiar av dokumentasjon på utdanning og praksis kan lastast opp som vedlegg i søknadssystemet, eller leggast fram i samband med intervju.

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor ved Tonstad skule:
Petter M. Røssland, tlf. 971 62 627

Søknadsfrist:  12.april 2026

Del på:

Referansenummer:

26/302

Fylke:

  • Agder

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.04.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Tonstad skule

Kontaktpersonar:

Petter Røssland

mob: +47 97162627

Adresse:

Tonstadveien 28 4440 TONSTAD

Kart: